Elkjøp får kjøpe Eplehuset
Konkurransetilsynet har i dag gitt selskapa beskjed om at Elkjøp får kjøpe Eplehuset.
Elkjøp og Eplehuset sel begge Apple-produkt og konkurrerer i dag om mellom anna sal av Mac og iPad til privatkundar gjennom både fysiske butikkar og nettsal. Dette er viktige produkt for mange forbrukarar, og Konkurransetilsynet har derfor gjennomført ei grundig undersøking av oppkjøpet. Mellom anna har tilsynet henta inn og gått gjennom omfattande dokumentasjon frå selskapa, deira konkurrentar og leverandørar, og andre relevante aktørar.
Selskapa vart 29. juni varsla om at Konkurransetilsynet kunne kome til å stoppe oppkjøpet. Tilsynet var bekymra for at oppkjøpet kunne svekkje konkurransen i betydeleg grad innan sal av Mac og iPad til privatkundar. Etter dette har Konkurransetilsynet fått omfattande ny informasjon frå selskapa og gjort ytterlegare analysar og vurderingar, og har no kome til at det ikkje er tilstrekkeleg grunnlag for å stanse oppkjøpet.
– Konkurransetilsynet passar på konkurransen i marknadene, til det beste for forbrukarar, næringslivet og samfunnet ellers. Derfor har det vore nødvendig å gjere ei grundig vurdering av verknadene av dette oppkjøpet. Vi har no konkludert med at oppkjøpet ikkje i betydeleg grad vil hindre effektiv konkurranse, og at det derfor kan gjennomførast, seier konkurransedirektør Mads Magnussen.
This is an extract. The publication continues at the source.
Read the original at the source: https://konkurransetilsynet.no/elkjop-far-kjope-eplehuset/
Officially imported this from Konkurransetilsynet’s own source and shows an extract. If you work there, claiming the profile and verifying the domain lets you choose to show the full text here.
Provenance
- Organization
- Konkurransetilsynet — imported from official source
- Official source
- https://konkurransetilsynet.no/feed/ RSS
- Imported
- October 03, 2026 20:38
- Versions
- 1 recorded
- Identity
https://konkurransetilsynet.no/?p=55261