Gode resultat i eit krevjande år
«Forventninger fra myndigheter, forbrukere og næringsliv er stadig økende. Slik jeg ser det har vi likevel levert gode resultater i 2025,» skriv direktør Bente Øverli i årsrapporten.
Ho trekker fram at Forbrukartilsynet i 2025 reduserte ventetida på mekling med 37 %, og gjennomførte målretta tilsyn på område med stor risiko for forbrukarutfordringar. Brot på regelverket er følgt opp med tydelege reaksjonar der det har vore nødvendig.
Ved slutten av 2025 hadde Forbrukartilsynet 142 tilsette. 91 i Porsgrunn, 27 i Tromsø, 20 i Stavanger og fire i Longyearbyen.
67,6 prosent var kvinner, og 32,4 prosent menn.
Vi tilsette 32 nye medarbeidarar i 2025, 10 menn og 22 kvinner.
Vi fekk inn 6148 meklingssaker i 2025. Dette er ein nedgang på 26 % samanlikna med 2024. Vi meiner dette heng saman med innføringa av gebyr for mekling 1. juli 2024. Det ser ut til at gebyrordninga bidrog til færre innkomne saker, særleg i den første tida etter innføringa.
34 prosent av meklingssakene handla om bilar og andre transportmiddel.
15 prosent dreidde seg om elektroniske produkt, medan 14 prosent handla om varer til bustad.
40 prosent av sakene vi behandla blei løyst på minneleg vis. Totalt blei 78 prosent løyst eller avslutta gjennom mekling, rettleiing eller på andre måtar.
I 2024 var ventetida før meklingssakene blei fordelt til meklar omtrent 9,5 månader. Ved utgangen av 2025 var ventetida redusert til rundt 6 månader. Dette svarer til ein reduksjon på 37 prosent.
Den gjennomsnittlege meklingstida låg på 33 dagar. Til saman var gjennomsnittleg behandlingstid på 311 dagar. Dette er framleis høgare enn resultatkravet på 120 dagar, og Forbrukartilsynet jobbar framover med å forbetre og effektivisere arbeidsmetodane våre.
This is an extract. The publication continues at the source.
Read the original at the source: https://www.forbrukertilsynet.no/gode-resultat-i-eit-krevjande-ar
Officially imported this from Forbrukertilsynet’s own source and shows an extract. If you work there, claiming the profile and verifying the domain lets you choose to show the full text here.
Provenance
- Organization
- Forbrukertilsynet — imported from official source
- Official source
- https://www.forbrukertilsynet.no/feed RSS
- Imported
- October 03, 2026 20:38
- Versions
- 1 recorded
- Identity
https://www.forbrukertilsynet.no/?p=42539