Bilutleigefirma kan ikkje snu bevisbyrda på hovudet

Imported from official source

Announcement

I ei prinsipiell sak har Forbrukarklageutvalet komme fram til at nokre av vilkåra i Avis sin standardavtale for bilutleige var urimelege. Dermed er desse vilkåra ugyldige.

Saka gjaldt ein forbrukar som leigde bil av bilutleigefirmaet Avis. Under leigeforholdet oppdaga forbrukaren ein oljelekkasje på bilen. Forbrukaren varsla utleigefirmaet, og bilen blei frakta til verkstad.

Avis påstod at sidan skaden hadde oppstått i leigeperioden, var det forbrukaren som var skuld i skaden. Derfor trakk utleigefirmaet over 17 000 kronar frå betalingskortet til forbrukaren. Denne summen skulle dekke skadekostnadar og tilleggsgebyr.

Forbrukaren meinte at bilen hadde hatt manglar allereie ved utlevering, og at han ikkje hadde skulda for skaden. Forbrukaren viste mellom anna til at bilen mangla eit plastdeksel under motoren, og at nokre delar var festa med strips.

Derfor meinte forbrukaren at det var urimeleg at bilutleigaren trakk over 17 000 kronar frå kortet hans. Han sende saka til mekling hos Forbrukartilsynet. Der blei saka dessverre avslutta utan løysing, fordi Avis aldri svarte Forbrukartilsynet. Dermed gjekk saka vidare til Forbrukarklageutvalet. Og her fekk forbrukaren medhald.

Forbrukarklageutvalet meinte at kontrakten snudde bevisbyrda på hovudet. I norsk rett er det vanleg at når nokon krev noko, må dei bevise at dei faktisk har eit krav.  Den eller dei som påstår noko, har bevisbyrda. I leigekontrakten var beviskravet snudd på hovudet. Ifølge kontrakten, måtte forbrukaren bevise at det ikkje var han som hadde skada bilen for å få pengane tilbake.

Utvalet konkluderte med at desse vilkåra var urimelege. Dermed var den delen av kontrakten som ga Avis rett til å trekke pengar rett frå kontoen til leietakaren ugyldig.

This is an extract. The publication continues at the source.

Read the original at the source: https://www.forbrukertilsynet.no/bilutleigefirma-kan-ikkje-snu-bevisbyrda-pa-hovudet

Officially imported this from Forbrukertilsynet’s own source and shows an extract. If you work there, claiming the profile and verifying the domain lets you choose to show the full text here.

Provenance

Organization
Forbrukertilsynet — imported from official source
Official source
https://www.forbrukertilsynet.no/feed RSS
Imported
October 03, 2026 20:38
Versions
1 recorded
Identity
https://www.forbrukertilsynet.no/?p=42355

Officially records where a publication came from, not whether it is true. Imported records are reproduced from an organization's own official source.