Konkurransetilsynet pålegg ikkje Telenor meldeplikt for oppkjøp av Bahnhof
Konkurransetilsynet er oppteken av konkurransen i breibandsmarknaden og varsla nyleg at det kunne bli aktuelt å påleggje meldeplikt for Telenors oppkjøp av konkurrenten Bahnhof. Telenor har no endra oppkjøpet slik at Bahnhof si norske verksemd ikkje lenger inngår.
Telenor inngjekk avtale om kjøp av den svenske breibandverksemda Bahnhof 8. juli 2026. Oppkjøpet omfatta også Bahnhof si norske verksemd. Sjølv om transaksjonen ikkje var meldepliktig etter konkurranselova, varsla Konkurransetilsynet 8. september Telenor om at det kunne vere aktuelt å påleggje meldeplikt for å undersøkje oppkjøpet nærare.
I Noreg tilbyr Bahnhof mellom anna breiband til privatkundar via leigd tilgang til Telenor si infrastruktur.
– Velfungerande konkurranse i breibandsmarknaden er viktig for norske brukarar. Sjølv om Bahnhof er ein relativt liten aktør i Noreg, ville Konkurransetilsynet undersøkje om Telenor sitt oppkjøp av Bahnhof kunne ha negative verknader for norske kundar. Vi varsla derfor Telenor at det kunne vere aktuelt å påleggje meldeplikt, seier konkurransedirektør Mads Magnussen.
This is an extract. The publication continues at the source.
Source: Konkurransetilsynet.
Read the original at the source: https://konkurransetilsynet.no/konkurransetilsynet-palegg-ikkje-telenor-meldeplikt-for-oppkjop-av-bahnhof/
Officially imported this from Konkurransetilsynet’s own source and shows an extract. If you work there, claiming the profile and verifying the domain lets you choose to show the full text here.
Provenance
- Organization
- Konkurransetilsynet — imported from official source
- Official source
- https://konkurransetilsynet.no/feed/ RSS
- Imported
- October 08, 2026 09:36
- Versions
- 1 recorded
- Identity
-
https://konkurransetilsynet.no/?p=55781