Kva må du tenke på før 2G-nettet forsvinn?
Digital Rights Classified by Officially
I 2025 stengte både ICE og Telia 2g-netta sine. Telenor kjem til å sløkke 31.12.2027.
Når 2G-nettet forsvinn, kan det skape problem for utstyr som bruker dette nettet. Noko utstyr vil miste enkelte funksjonar, mens anna utstyr vil slutte heilt å fungere.
Ein mobiltelefon som ikkje støtter verken 4G eller 5G vil for eksempel ikkje fungere utan 2G-nett.
Ein bil vil framleis fungere utan 2G, men han kan miste funksjonar som eCall, fjernstyring av klimaanlegg, låsefunksjonar og ulike infotainmentappar.
Viss du har viktig elektronisk utstyr som treng nett for å fungere, må du sjekke om det verkar med 4G eller 5G, eller om det er heilt avhengig av 2G.
Viss du skal kjøpe bil eller nytt elektronisk utstyr, bør du sjekke om alle funksjonane du treng kjem til å fungere utan 2G-nett. Du bør sjekke dette før du kjøper utstyret.
Viss produkta du sel vil bli påverka av 2G-sløkkinga, må du fortelje forbrukarane at nettet skal sløkkast. Det er ikkje lov å selje slike produkt utan å informere om sløkkinga.
This is an extract. The publication continues at the source.
Source: Forbrukertilsynet.
Read the original at the source: https://www.forbrukertilsynet.no/kva-ma-du-tenke-pa-for-2g-nettet-forsvinn
Officially imported this from Forbrukertilsynet’s own source and shows an extract. If you work there, claiming the profile and verifying the domain lets you choose to show the full text here.
Provenance
- Organization
- Forbrukertilsynet — imported from official source
- Official source
- https://www.forbrukertilsynet.no/feed RSS
- Imported
- November 17, 2026 09:01
- Versions
- 1 recorded
- Identity
-
https://www.forbrukertilsynet.no/?p=43507